
The Wind That Shakes the Barley er om det irske opprøret, og kampen for sjølvstende på 1920-tallet. Den tar for seg motstandskampen mot den britiske okkupasjonen - og seinare borgarkrigen mellom dei som meinte fredspakta med Storbrittania var feilaktig.
Det som er gripande med denne filmen er måten den skildrar okkupasjon på - brutalt, og uten innpakning. Den ga meg ein aha-følelse, og ei forståing for kvifor folk vel å verve seg til motstand mot okkupasjon. Denne portretteringa oppfatter eg som rimelig generell, og ikkje kun avgrensa til Irland, men også dagsaktuell i m.a Israel sin okkupasjon av Palestinsk land, USA sin okkupasjon av Irak o.l.
Til forskjell frå mange andre filmar har den relativt brutale volden i The Wind That Shakes the Barley meining. Det er vold for å oppnå politiske mål, og det er tortur for å oppnå mål. Det gjer vold til eit veldig kraftig virkemiddel for å formidle innhaldet i filmen, og det gir ei god portrettering av krig…
Absoulutt verdt å sjå!
{ 1 } Comments
Hmm, irland.. tja, får vel dra den ned å sjekke hva det går i
Post a Comment