Skip to content

The Wind That Shakes the Barley

The Wind That Shakes the Barley

The Wind That Shakes the Barley er om det irske opprøret, og kampen for sjølvstende på 1920-tallet. Den tar for seg motstandskampen mot den britiske okkupasjonen - og seinare borgarkrigen mellom dei som meinte fredspakta med Storbrittania var feilaktig.

Det som er gripande med denne filmen er måten den skildrar okkupasjon på - brutalt, og uten innpakning. Den ga meg ein aha-følelse, og ei forståing for kvifor folk vel å verve seg til motstand mot okkupasjon. Denne portretteringa oppfatter eg som rimelig generell, og ikkje kun avgrensa til Irland, men også dagsaktuell i m.a Israel sin okkupasjon av Palestinsk land, USA sin okkupasjon av Irak o.l.

Til forskjell frå mange andre filmar har den relativt brutale volden i The Wind That Shakes the Barley meining. Det er vold for å oppnå politiske mål, og det er tortur for å oppnå mål. Det gjer vold til eit veldig kraftig virkemiddel for å formidle innhaldet i filmen, og det gir ei god portrettering av krig…

Absoulutt verdt å sjå!

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged , ,

Kraftlinjer?

Kraftmast mot raud bakgrunn.Eg er unormal. Eg synst faktisk ei kraftlinje kan vere eit vakkert innslag i vestlandsnaturen, der den slynger seg frå fjordbotn til fjelltopp, i slake bogar, spent opp av master innimellom. Kanskje er det så enkelt som at eg meiner mykje av den teknologien vår er vakker, og på godt og vondt ein del av kulturlandskap rundtom?

Vi snakkar stadig om kulturlandskap - landskap som i større eller mindre grad er påverka av menneske. Vi høyrer heile tida om kor viktig det er å bevare kulturlandskapet. Er ikkje kraftliner ein del av det moderne kulturlandskapet? Dei oppsto tidleg på 1900-talet, først lokalt, så i eit stadig viare nett som til slutt dekte heile landet; kvar ein avkrok av det. Noreg var tidleg elektrifisert, og straum var ei overskotsvare som var billeg - så billeg at ein varma husa med den. Velstanden i Noreg var bygd på elektrisiteten.

Den første, famlande, storindustrien i Noreg var bygd på elektrisk kraft. Vist hadde det vore treforedling med direkte utnytting av vasskrafta, utan vegen om straum, men elektrisiteten bygde mange norske samfunn: Odda, Høyanger, Årdal, Stongfjorden, Sunndalsøra, og mange fleire.

Kvifor er ikkje då straummastene og elektrisitetsnettet, sjølve symbolet på den utviklinga som tok stad i Noreg rundt 1900, og som bana veg for den velstanden vi har i dag, eit symbol vi tek fram og feirer? Kvifor er kraftliner stygge, og uønska i kulturlandskap

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged

Filsystem og filnavn.

Int9.net skriv om filnamn, og filetternamn. Han stiller konkret spørsmål om kvifor ein nyttar seg av filetternavn:

En fil heter “README.TXT”. Dette er jo litt forvirrende - navnet på filen burde jo vært “README”. Slutten på filnavnet angir hvilken type fil dette er. “.TXT” forteller oss at dette er en tekstfil. Men vi kaller altså hele navnet (“README.TXT) for filnavnet. Er ikke det rart?

Continue reading ›

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos

Viktige nettverksprotokoller.

Som ein liten fortsettelse på Intro om nettverk kjem det her ein liten intro om det eg meiner er viktige protokoller… Om folk er einige eller ikkje bryr ikkje meg ;)

Continue reading ›

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged ,

Intro om nettverk.

Ein kort intro om nettverk eg skreiv for nFF. Poster den her også, for å få litt meir poster på denne sida mi…

IP-adressa si oppbygning.

Ei IP-adresse er et 32-bits tall, det vil sei mellom 0 og 4294967295. For lesbarheta si skuld deler ein dette opp i 4 grupper på 8 bit per gruppe. 8 bit vil bli eit tal mellom 0 og 255. Om ein tar for seg IP-adressa 255.255.255.255 vil den skrivast slik: Continue reading ›

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged ,

Evil Mad Scientist Lab

I wish I had the kind of creativity that one needs to come up with things like this, this or this. Sadly, I don’t so I’ll just have to copy his ideas and have fun with ‘em… And dream of coming up with something.

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged

Reklame fordi ein står i BRREG?

Eg har fått reklame. Reklame for to ulike fakturasystem. Frå norske firma - henholdsvis Arko AS og FBSI AS. Uten at eg har bedt om det. Grunnen? E-postadressa mi står lista i Brønnøysundregistra. Greit at desse to vil selje systema sine, men for det første trur eg dei som startar enkeltpersonsforetak eller bedrift er over snittet oppegåande, og er fint i stand til å finne fakturasystem sjølv. For det andre meiner eg at det å sende reklame uoppfordra via e-post er svært svært tvilsom praksis, og framstår som lite seriøst.

Ein ting er iallefall sikkert - den dagen Sendregning ikkje fungerer for meg, blir det ikkje Arko eller FBSI som får eit sal til meg - det blir nokon som ikkje er så pågåande. Sendregning fungerer, dei er billegare, og enklare, enn noko anna system eg har sett, og dei har eit produkt eg har lyst på. Dessutan har dei ikkje sendt meg spam, dei har satsa på eit av dei kraftigaste markedsføringsverkemedla som finst: word of mouth. Eg fikk tips om det av folk eg prater med, og prøvde det, og var fornøgd…

Så til Arko og FBSI: Skjerpings. Mange mange hakk om de vil ha meg som kunde.

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged

“Space tourism is just two years away” — trur det når eg ser det.

Daily Mail har ein artikkel om turisme i verdsrommet, der ein kan finne følgande avsnitt:

A rocket-powered plane that will allow tourists to travel in space is in development and will start flights in two years.

Dette fell vel i kategorien eg har følelse av at eg har høyrt det før. Illustrert vitenskap har varsla det med jamne mellomrom ei god stund trur eg, og diverse mediapersonligheter har også hevda det vil skje innen 5-10 år… Eg trur det ikkje før eg får sjå det.

Plans have been revealed for ‘Lynx’, a two-seater ’space taxi’, which will be capable of flying 37miles above the Earth from 2010.

For dei som ikkje måler pilsen sin i pint og vekt i pund, så er 37 miles omlag 60 kilometer. Eg veit ikkje om eg vil kalle det space… Concorde flaug på omlag 18.3 kilometer, så det er ikkje meir enn 3-4 gongar så høgt som Concorde, og manglar nesten halva av høgda for det mange definerer som verdsrommet, der skiljet går ved den såkalla Kármán-lina, som er 100km over jordoverflata… Dette er den definisjonen FAI legg seg på i sine definisjonar også:

  • Aeronautics — For FAI purposes, aerial activity, including all air sports, within 100 kilometres of Earth’s surface.
  • Astronautics — For FAI purposes, activity more than 100 kilometres above Earth’s surface.
[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos

Windows Vista kildekode?

Ei svakt humoristisk utgave av kildekoden til Windows Vista. Ga meg en god latter!

Vista kildekode?

Gi Kudos til denne saken!

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos

Ny host…

Da hadde en bytta til JuicedHost som host. Forhåpentligvis er ting betraklig kjappere =)

Takk til juiced og atomet for hosting :)

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged ,