Skip to content

23kg tung koffert - og du reagerer ikkje?

Cocaplante. Råstoffet for kokain.Et par nordmenn er blitt tatt med 22.5kg kokain i kofferten. Kofferter som dei kjøpte lokalt for å få plass til det dei hadde handla av legale varer på turen. Like fullt hevder dei at dei ikkje har kjennskap til narkotikaen:

- Vi har vært her i tre uker, og prisene er svært lave. Vi har handlet mye, og måtte kjøpe med oss flere bagger for å få med oss alt. I bunnen av disse nye baggene fant de narkotikaen, sier de.

22.5kg var altså fordelt på 3 bager. Det gir ei snittlast på 7.5kg per bag. Eg veit ikkje kva slags baggar dei er vane med, men å ikkje legge merke til at ein tom bag er påfallande tung når den veg 7.5kg vil eg sei er rimeleg oppsiktsvekkande…

Eg veit ikkje kva eigenvekta til kokain er, men tipper den er under eigenvekta til vatn. Altså er det snakk om minst 20 liters volum…

I tillegg har jo dei fleste flyselskap ei maksvekt, så det er jo naturleg at nokon som har handla ville prøvd å få så lette bager som mulig…

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged

35mm Kodak Gold i engangskamera?

Kodak Gold i engangskamera...Det ser ut til at vanleg, 35mm film er på veg ut. Kjøpte eit engangskamera på Biltema, for å få blitzmodulen. Der var det jo sjølvsagt ein film også. Det gule som stakk ut under den påklistra etiketten ligna voldsomt på Kodak sine farger - så eg skrapte vekk litt. Og jaggu var det ikkje en Kodak Gold-film, i ISO-100. Det går jo for å vere ein rimelig god film. Og til 34,90, som kameraet kosta, var det overraskande god film. Lurer på kor mykje Kodak tek for desse i rebranda utgave, versus det du betaler i butikk…

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged ,

Verdiløse kudos?

Kudos?

Kort opplisting av sakene på kudos.no akkurat no:

  • Ole Irgens er månedens n00b etter et par uheldige kommentarer.
  • Norges viktigaste kvartfinale.
  • Studenter tar loven i egne hender
  • Krisehjelp for gjeldsoffere
  • Guide til hotellvalg i paris

Synd, men sant. Møkka har overtatt, og kudos har blitt reklameplass for semikomersielle sider, som bruker det for å tiltrekke seg besøkande som klikker på annonser. Spesielt kredittkort og finansblogger, med hauger av refferer-linker dominerer. Kven har vel tiltru til nokon som anbefaler forbrukslån, med affiliate-lenker? Bloggeigeren sitter jo garantert igjen med en pen sum for kvar han får lokka til GE money bank… Det er mao. reinspikka reklame, og ikkje opplysning som er formålet.

Finansblogger har overtatt kudos - antakeleg fordi det er et marked det er penger å hente i, og det er kjapt og enkelt å skrive om… Slik som den her. Kor mange minutt har vedkommande brukt på å skrive den? Og kva er det som står der som ikkje ein oppegåande person er i stand til å tenke ut sjølv? Eller som forbrukerrådet ikkje har sagt siste ti åra? Splogs er eit fint ord for slikt etter mi meining.

Om kudos.no skal fortsette å ha et fnugg av truverdighet - og håp om å behalde brukarar, må dei gjere noko. Dei må lage ei aktiv, brukerdreven side slik som digg.com er, og ikkje ei side som er dreven av innholdslevrandører for å spamme eget innhold, slik kudos i praksis er i dag. For digg besøker eg daglig, og finner interessante ting. Kudos blir kun brukt til promotering, og det er virkelig virkelig få ting som faktisk er verdt å lese der.

Oppdatering: eg finn det ein tanke ironisk at 3 personer prøver å begrave saka på kudos… Continue reading ›

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged ,

The Wind That Shakes the Barley

The Wind That Shakes the Barley

The Wind That Shakes the Barley er om det irske opprøret, og kampen for sjølvstende på 1920-tallet. Den tar for seg motstandskampen mot den britiske okkupasjonen - og seinare borgarkrigen mellom dei som meinte fredspakta med Storbrittania var feilaktig.

Det som er gripande med denne filmen er måten den skildrar okkupasjon på - brutalt, og uten innpakning. Den ga meg ein aha-følelse, og ei forståing for kvifor folk vel å verve seg til motstand mot okkupasjon. Denne portretteringa oppfatter eg som rimelig generell, og ikkje kun avgrensa til Irland, men også dagsaktuell i m.a Israel sin okkupasjon av Palestinsk land, USA sin okkupasjon av Irak o.l.

Til forskjell frå mange andre filmar har den relativt brutale volden i The Wind That Shakes the Barley meining. Det er vold for å oppnå politiske mål, og det er tortur for å oppnå mål. Det gjer vold til eit veldig kraftig virkemiddel for å formidle innhaldet i filmen, og det gir ei god portrettering av krig…

Absoulutt verdt å sjå!

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged , ,

Kraftlinjer?

Kraftmast mot raud bakgrunn.Eg er unormal. Eg synst faktisk ei kraftlinje kan vere eit vakkert innslag i vestlandsnaturen, der den slynger seg frå fjordbotn til fjelltopp, i slake bogar, spent opp av master innimellom. Kanskje er det så enkelt som at eg meiner mykje av den teknologien vår er vakker, og på godt og vondt ein del av kulturlandskap rundtom?

Vi snakkar stadig om kulturlandskap - landskap som i større eller mindre grad er påverka av menneske. Vi høyrer heile tida om kor viktig det er å bevare kulturlandskapet. Er ikkje kraftliner ein del av det moderne kulturlandskapet? Dei oppsto tidleg på 1900-talet, først lokalt, så i eit stadig viare nett som til slutt dekte heile landet; kvar ein avkrok av det. Noreg var tidleg elektrifisert, og straum var ei overskotsvare som var billeg - så billeg at ein varma husa med den. Velstanden i Noreg var bygd på elektrisiteten.

Den første, famlande, storindustrien i Noreg var bygd på elektrisk kraft. Vist hadde det vore treforedling med direkte utnytting av vasskrafta, utan vegen om straum, men elektrisiteten bygde mange norske samfunn: Odda, Høyanger, Årdal, Stongfjorden, Sunndalsøra, og mange fleire.

Kvifor er ikkje då straummastene og elektrisitetsnettet, sjølve symbolet på den utviklinga som tok stad i Noreg rundt 1900, og som bana veg for den velstanden vi har i dag, eit symbol vi tek fram og feirer? Kvifor er kraftliner stygge, og uønska i kulturlandskap

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged

Filsystem og filnavn.

Int9.net skriv om filnamn, og filetternamn. Han stiller konkret spørsmål om kvifor ein nyttar seg av filetternavn:

En fil heter “README.TXT”. Dette er jo litt forvirrende - navnet på filen burde jo vært “README”. Slutten på filnavnet angir hvilken type fil dette er. “.TXT” forteller oss at dette er en tekstfil. Men vi kaller altså hele navnet (“README.TXT) for filnavnet. Er ikke det rart?

Continue reading ›

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos

Viktige nettverksprotokoller.

Som ein liten fortsettelse på Intro om nettverk kjem det her ein liten intro om det eg meiner er viktige protokoller… Om folk er einige eller ikkje bryr ikkje meg ;)

Continue reading ›

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged ,

Intro om nettverk.

Ein kort intro om nettverk eg skreiv for nFF. Poster den her også, for å få litt meir poster på denne sida mi…

IP-adressa si oppbygning.

Ei IP-adresse er et 32-bits tall, det vil sei mellom 0 og 4294967295. For lesbarheta si skuld deler ein dette opp i 4 grupper på 8 bit per gruppe. 8 bit vil bli eit tal mellom 0 og 255. Om ein tar for seg IP-adressa 255.255.255.255 vil den skrivast slik: Continue reading ›

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged ,

Evil Mad Scientist Lab

I wish I had the kind of creativity that one needs to come up with things like this, this or this. Sadly, I don’t so I’ll just have to copy his ideas and have fun with ‘em… And dream of coming up with something.

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged

Reklame fordi ein står i BRREG?

Eg har fått reklame. Reklame for to ulike fakturasystem. Frå norske firma - henholdsvis Arko AS og FBSI AS. Uten at eg har bedt om det. Grunnen? E-postadressa mi står lista i Brønnøysundregistra. Greit at desse to vil selje systema sine, men for det første trur eg dei som startar enkeltpersonsforetak eller bedrift er over snittet oppegåande, og er fint i stand til å finne fakturasystem sjølv. For det andre meiner eg at det å sende reklame uoppfordra via e-post er svært svært tvilsom praksis, og framstår som lite seriøst.

Ein ting er iallefall sikkert - den dagen Sendregning ikkje fungerer for meg, blir det ikkje Arko eller FBSI som får eit sal til meg - det blir nokon som ikkje er så pågåande. Sendregning fungerer, dei er billegare, og enklare, enn noko anna system eg har sett, og dei har eit produkt eg har lyst på. Dessutan har dei ikkje sendt meg spam, dei har satsa på eit av dei kraftigaste markedsføringsverkemedla som finst: word of mouth. Eg fikk tips om det av folk eg prater med, og prøvde det, og var fornøgd…

Så til Arko og FBSI: Skjerpings. Mange mange hakk om de vil ha meg som kunde.

[Slashdot] [Digg] [Reddit] [Technorati] [Google] Gi kudos Tagged