Det er vistnok dramatisk at det berre er 18 personer som er tatt opp til heiltidsstudium for å verte lærar i Sogndal. Kvifor er det meir dramatisk enn når ingeniørutdanning i Førde var nede på 10?
Forøvrig har eg ein viss forståelse for at folk ikkje vil studere til å verte lærar - når ein har ei fagforeining som meiner at kunnskap er overvurdert er ikkje det motiverande for dei flinke. I eit nummer av Utdanning, medlemsbladet til utdanningsforbundet, gjekk studentunionen der ut og sa at karaktergrensa på 3 i norsk og matematikk måtte fjernast, fordi den hindra gode lærarar i å søkje… Javel? Nokon som har eit total i norsk frå VGS vil eg hevde er ikkje i stand til å skrive ein sammanhengande tekst, eller hente ut meininga frå ein tekst på meir enn tre linjer. Greit, ein treng ikkje matte for å undervise kunst & handtverk, men ein må definitivt beherske norsk sånn nokonlunde.
Så eg må sei at eg flirer faktisk en tanke av heile saka, sidan høgskuleadministrasjonen i Sogndal brukte argumentet om få studentar for å kutte ingeniørutdanninga i Førde. Kanskje på tide å ta samme debatten om lærarutdanninga i Sogndal?
{ 2 } Comments
Da er det kanskje på tide med dagens brannfakkel, men lærerutdannelsen i Norge må være den største vernede institusjonen. Av og til lurer jeg på hvordan noen av de som kommer ferdig utdannet skal ha mulighet til å lære barn/unge noenting som helst. Når de ikke er i stand til å lære seg selv hvordan man stokker bokstavene i rett rekkefølge …
At lærarutdanninga innførte karakterkrav kan sikkert diskuterast. Det er ikkje nødvendigvis beste måten å handtere det på, og eg meiner eit 3-tal er for dårleg i norsk…
Eit anna problem er jo det mantraet om almennlærer i Noreg - alle skal kunne undervise alt. Kvifor ikkje innsjå at det ikkje held, og innføre litt meir spesialisering, og krav til dei som tek spesialiseringa?
Post a Comment