Konspirasjonsteori på 1-2-3.

Written by vidarlo on 20070804 in humor and Norsk with no comments.

Steg 1 – finn emne

Fetched from xkcd.com
For at det skal bli ein velluka konspirasjonsteori må du sørge for at det er eit emne som er oppe til debatt. Det bør ha ei viss offentleg merksemd, og det nøyaktig handlingsforløpet bør vere debatert. Dersom det ikkje er offentleg merksemd og eit debatert handlingsforløp, risikerer du at teorien blir avvist, eller at ingen legg merke til den. Då er jo poenget med konspirasjonsteori vekke!

Steg 2 – samle informasjon

Dette steget er det vanskelige. Du må samle så mykje informasjon om emnet som du kan finne. Deretter må du bestemme deg for kva du vil meine. Du finn sikkert haldepunkt for det du har bestemt deg for å meine i delar av informasjonen du har samla. Den informasjonen som støttar opp om deg samlar du ein plass, og brukar som kjelde i konspirasjonsteorien din. Hugs på at kjelder som universitet o.l. er svært verdifulle, og sjølv om 99% av kjelda motseier deg er det ofte nok at 1% av teksten er einig med deg. Ta vare på bitane som stemmer, og sitèr dei i teorien din.
Samtidig bør du sørge for å ha svar klare om folk skulle finne på å stille spørsmål om kvifor du utelet store delar av kjelda, og overser teoriar som peiker i andre retninger.

Du bør passe pÃ¥ Ã¥ ikkje dra inn for mange utenforstÃ¥ande i teorien din endÃ¥ – dei kan snakke mot deg seinare, og det er viktig Ã¥ unngÃ¥.

Steg 3 – skap publisitet!

Korleis du vil skape publisitet er opp til deg, men ein del trick går igjen overalt:

  1. Skriv om det sjølv.
  2. Tips media om det og ver tilgjengeleg for intervju.
  3. Bruk internet for alt det er verdt.
  4. Alle veit at eit bilete seier meir enn tusen ord. Meir om biletbruk seinare.
  5. Sørg for å ha svar klare om journalister spør spørsmål om truverdet ditt.

Bilete er ei fantastisk informasjonskjelde. Spesielt sidan dei kan klippast slik du vil. Dersom du bruker bilete som viser det motsette av det du vil sei, kan eit par strekfigurar enkelt skjule det.
Det er ogsÃ¥ virkningsfullt Ã¥ settje bileta saman til ein kommentert video, gjerne i oppløysning dÃ¥rlegare enn 720×576, slik at det er tilnærma umogeleg Ã¥ sjekke kva bileta faktisk viser. DÃ¥ mÃ¥ sjÃ¥aren tru pÃ¥ kommentatoren (deg) sine pÃ¥stander!

Steg 4 – forsvare teorien

No bør du ha ein saftig konspirasjonsteori, som er underbygd med kjelder og heile pakka. Når denne kjem ut i media kjem du til å få ein god del kritikk, gjerne også frå dei kjeldene du har sitert.

Eit begrep du kjem til å høyre ofte er Occamz Razor. Occams Razor går ut på at den forklaringa som involverer færrast ukjende også er den mest truverdige forklaringa. Eit mykje brukt forsvar mot Occamz Razor er å vise til auget. For Occamz Razor kan jo på ingen måte forklare korleis eit auge oppsto. Ein anna god forsvarsmåte er å hindre at det er mange ukjende faktorar med i bildet.

Militæret og statsapparatet er også fint mot Occamz Razor. Militære kjelder vil svare ingen kommentar uansett kva du spør dei om, og alle journalistar tek det som ei bekrefting. Med andre ord er taushet og ingen kommentar ein konspirasjonsteoretikar sitt fremste våpen. Hugs at det er bra om andre enn du sjølv underbygger teorien.
Ein anna god strategi er å legge teorien ut på internetfora, og få tilbakemeldinger der. Då vil dei peike på svake punkt, som du må vere i stand til å forsvare. Samtidig vil du få ein fanskare som kjem til å støtte deg uansett, fordi du har avslørt konspirasjonen! Merk at du ikkje bør legge ut noko før den er heilt ferdig, fordi Internet Archive o.l. kan plukke opp halvferdige versjoner og avsløre deg.

Steg 5 – innrøm feil og hol i den opprinnelege teorien.

Det styrkar di sak om du er istand til å innsjå hol og problem med den opphavelege teorien din. Ved å innrømme mindre feil, og få inn fleire nye kjelder som støttar deg verkar du som ein seriøs person. Berre pass på å ikkje innrømme slike feil som kompromiterer heile konspirasjonsteorien. Men er det ein faktafeil, feilsitat o.l. ein plass, så bør du ikkje nøle med å rette opp den.

Ei stund etter ei hending kjem det ofte meir offisiell kunnskap om hendinga. Denne kunnskapen vil ofte motsei din konklusjon, og det er viktig at du er klar over den med ein gong den kjem, utarbeider eit godt forsvar, og ser på korleis du kan endre din teori til å passe med den offentlege kunnskapen, utan å øydelegge teorien din.

Dersom du held deg til desse stega har du ein flott og levedyktig konspirasjonsteori, som kan glede og underhalde mange tusen i åra framover! Lykke til!

Comments are closed.