Ã…pne wlan?

Written by vidarlo on 20071030 in Norsk and privacy and rants with no comments.

Akkurat no sit eg på eit ope wlan, ein plass i Førde sentrum. Ein ting er å køyre opne wlan, det kan vere fordi ein faktisk vil tilby tilfeldige personar internet, i håp om at andre oppfører seg likedan.

Noko heilt anna er å ha eit ope nettverk, der ESSID på wlanet er SMC, og passordet er standardpassordet for eininga. I slike tilfeller er default password database kjekk. 20 sekund så har ein brått passord.

Så er folk klar over at dei har ting så ope? Eller er det fordi produsentane gir mildt sagt mangelfull informasjon om at ein bør sikre nettverket i minimal grad? Av og til er eg freiste til å skifte ESSID på slike nettverk til SecureME. Men, eg gjorde det ikkje denne gongen, og eg kjem vel ikkje til å gjere det. For ein ting er å nytte trådlause, usikra nettverk, noko eg meiner må vere fullstendig legitimt. Ein annan ting er å endre på det opne trådlause nettverket.

Comments are closed.