Kurt Oddekalv har kasta vekk tida sidan 1989…

Written by vidarlo on 20071112 in Norsk and rants with 2 comments.

I NRK sitt program Her og nå avslører Kurt Oddekalv at han ikkje har peiling på kva han snakkar om, straks det kjem til ting som stråling. For stråling er jo, som vi alle veit, farleg, og fører til mutasjonar. Så kva i alle dagar skal vi gjere?

Mitt heitaste tips er å ikkje høyre på Kurt Oddekalv i denne saka. Ofte har eg stor sympati for han, i og med at han seier ting andre ikkje torer å seie, og han er ikkje redd for å gjere seg upopulær. Men i det 5-minuttsklippet eg høyrde på NRK i dag, greidde han å dumme seg ut fleire gonger:

  1. Hevde at nano var tusendel. Nano var sist eg sjekka eit prefiks som stod for 10-9. Oddekalv bommar altså med ein faktor på ein million (106).
  2. Viare meinte han høveleg mÃ¥leeining for radiofelt var tesla, gjerne nanotesla. Dessuten gjekk ikkje Post & Teletilsynet sitt mÃ¥leutstyr ned pÃ¥ nano-teslanivÃ¥, men opererte pÃ¥ heile tesla. Dei som har hatt ein anelse fysikk forstÃ¥r at dette er urealistisk, ettersom tesla er svært stor mÃ¥leeining. Ein svært sterk magnet kan komme opp i 1-2T, sÃ¥ Ã¥ hevde at P&T kun har slikt mÃ¥leutstyr er rart. Eit kompass til 20-30,- pÃ¥ biltema mÃ¥ler jo jordas magnetfelt, som er i størrelsesorden 30-60µT, eller milliondeler av det Oddekalv hevder P&T sitt mÃ¥leutstyr kan fange opp. SÃ¥ ergo burde ingen kompass fungere i Trondheim…
  3. Forøvrig er tesla heilt uinteressant, ettersom tesla er magnetiske felt, definert som spenningsendring per sekund per kvadratmeter. Radiofelt blir målt i watt per kvadratmeter. Ein snakker då om absorbert effekt og utstrålt effekt, men det blir ei lita avsporing her.

Etter at eit par av desse feila var påpeikt så svarte Oddekalv med personangrep, og antyda at ein professor ved NTNU var kjøpt og betalt av bransjen, og at det norske samfunnet var korrumpert(!) av telekom-bransjen, som var redde for inntektene sine.

Det verste var at Kurt Oddekalv hevda han hadde studert effektane av RF-energi sidan 1989… Om han har rett i at han har brukt siste 18 Ã¥ra pÃ¥ Ã¥ studere dette, er det ille at han ikkje har lært seg rett benemning for RF-energi endÃ¥. Det er tross alt snakk om elementære ting som blir dekt av pensum i 3FY om eg ikkje er heilt pÃ¥ jordet.

Magnetfeltet som Oddekalv snakkar om mÃ¥ vere feltet som blir sett opp nÃ¥r spenning blir indusert i beltespenna di… og det magnetfeltet overlever eg nok!

2 Responses to “Kurt Oddekalv har kasta vekk tida sidan 1989…

  1. Godt at du endelig også har kommet til vettet, og faktisk tenkt igjennom hva denne mannen faktisk klarer å lire av seg.
    I de fleste tilfeller sÃ¥ er det bare sprøyt … Ufattelig mye sprøyt som i dette tilfellet.

  2. Godt at du endelig også har kommet til vettet, og faktisk tenkt igjennom hva denne mannen faktisk klarer å lire av seg.
    I de fleste tilfeller så er det bare sprøyt … Ufattelig mye sprøyt som i dette tilfellet.

    Samtidig er det viktig Ã¥ ha idioter som seier i fra om kritikkverdige forhold i samfunnet, og som er i overkant kritiske, for Ã¥ representere ei motvekt til teknofreaks. For det er klart at det er mykje vi ikkje veit om konsekvenser av slikt…

    Poenget mitt er at Oddekalv burde vere pinleg berørt av å ta feil. Hadde han helde seg på eit sakleg plan hadde eg i prinsippet vore einig med han.