Bensinavgifta har gått ned.

Written by vidarlo on 20080918 in Norsk and rants with no comments.

Det sjokkerte meg faktisk litt når eg sjekka det i dag, men avgiftsdelen av bensinprisen har gått ned siste åra. Ikkje berre i prosentdel (frå 74% i 1997, til 63% i 2007), men faktisk i forhold til konsumprisindeksen også.

I 1997 var avgifta per liter 6,55 inkludert MVA. Om ein plotter dette inn i SSB sin konsumprisindekskalkulator kjem ein til at avgifta burde vore 7,94 i dag. Det er den ikkje. Den er 7,31. Med andre ord har ikkje bensinavgifta stege like fort som konsumprisindeksen. I tillegg har brutto avanse pÃ¥ bensin auka rimeleg grovt, ifylgje Teknisk Ukeblad…

Kvifor er det ingen som har nemt dette?

Comments are closed.