Kraftlinjer?

Written by vidarlo on 20080509 in humor and Norsk and rants with 3 comments.

Kraftmast mot raud bakgrunn.Eg er unormal. Eg synst faktisk ei kraftlinje kan vere eit vakkert innslag i vestlandsnaturen, der den slynger seg frå fjordbotn til fjelltopp, i slake bogar, spent opp av master innimellom. Kanskje er det så enkelt som at eg meiner mykje av den teknologien vår er vakker, og på godt og vondt ein del av kulturlandskap rundtom?

Vi snakkar stadig om kulturlandskap – landskap som i større eller mindre grad er pÃ¥verka av menneske. Vi høyrer heile tida om kor viktig det er Ã¥ bevare kulturlandskapet. Er ikkje kraftliner ein del av det moderne kulturlandskapet? Dei oppsto tidleg pÃ¥ 1900-talet, først lokalt, sÃ¥ i eit stadig viare nett som til slutt dekte heile landet; kvar ein avkrok av det. Noreg var tidleg elektrifisert, og straum var ei overskotsvare som var billeg – sÃ¥ billeg at ein varma husa med den. Velstanden i Noreg var bygd pÃ¥ elektrisiteten.

Den første, famlande, storindustrien i Noreg var bygd på elektrisk kraft. Vist hadde det vore treforedling med direkte utnytting av vasskrafta, utan vegen om straum, men elektrisiteten bygde mange norske samfunn: Odda, Høyanger, Årdal, Stongfjorden, Sunndalsøra, og mange fleire.

Kvifor er ikkje då straummastene og elektrisitetsnettet, sjølve symbolet på den utviklinga som tok stad i Noreg rundt 1900, og som bana veg for den velstanden vi har i dag, eit symbol vi tek fram og feirer? Kvifor er kraftliner stygge, og uønska i kulturlandskap

3 Responses to “Kraftlinjer?

  1. Jeg er stort sett veldig enig med hva du skriver, men denne gangen synes jeg du tar fryktelige feil.

  2. Jeg er stort sett veldig enig med hva du skriver, men denne gangen synes jeg du tar fryktelige feil.

    Joda, men misforstå meg rett. Eg seier ikkje at ein bør bygge kraftliner ukritisk, gjennom uberørt natur. Det eg meiner er at kraftliner utgjer ein del av det kulturlandskapet vi har skapt siste hundre åra, og bør kanskje takast vare på som ein del av det.

    NÃ¥r det gjeld kraftliner frÃ¥ før 1950 meiner eg dei bør stÃ¥ uansett omtrent – som eit monument over det som var gjort av industrialisering.