Begrepsforvirring i piratkopieringsdebatten.

Written by vidarlo on 20090629 in Norsk and rants with no comments.
Tjuveri?
Er kopiering tjuveri?

I debatten om fildeling vert begrep som fildeling, stjeling, tjuveri o.l. slengt rundt rimeleg ofte. Men er fildeling ulovleg? Er det stjeling eller tjuveri?

Nei. Fildeling er fullstendig lovleg. Sender du CVen din til ein potensiell arbeidsgiver som PDF, så er dette fildeling. Laster du ned demoen til eit spel er dette fildeling. Fullstendig lovleg, og eit fundament for Internett på mange måtar. Også Peer 2 Peer, eller P2P som det ofte er forkorta, er fullstendig lovleg. Mange komersielle aktørar nyttar P2P-teknologi for å få ned bandbreiddekostnaden. Døme på fullstendig legitim fildeling og P2P er mange:

Så fildeling, og P2P, er både ønskjeleg og svært nyttig teknologi. Sett på spissen er P2P med på å styrke mogelegheitene til å nå ut til eit stort publikum med t.d. lyd eller video, trass i avgrensa ressurser, både økonomisk og teknisk. Det gjer at alle som har en PC med internett-tilkopling kan publisere det materialet dei ønsker på ein heilt anna måte enn for berre ti år sidan.

Så la oss ha det klart for oss: det platebransjen, og andre opphavsrettsorganisasjonar protesterer mot er ulovleg fildeling, det vil sei deling av innhald som ein ikkje har tillatelse frå opphavsmannen til å spre.

Imidlertid er ikkje all kopiering av ting ein ikkje har tillatelse frå opphavsmannen til å kopiere ulovleg. Du kan fullt ut lovleg brenne ein kopi av ein CD du har til ein venn – det er ein rett som er nedfelt i åndsverkslova. Like eins kan du lage ein kopi av CDen til å ha i bilen, eller kopiere den inn på PCen din.

Men er det å laste ned noko frå til dømes The Pirate Bay å stjele?

Om eg stjel ein CD i platebutikken så har platebutikken tapt eit fysisk objekt, med ein produksjonskostnad. Dei kan ikkje selje den CDen eg stel frå dei. Kostnaden med å kopiere musikken på CDen blir dekka av platebutikken, og det er pengar som er tapt for dei.

Om eg lastar ned det samme albumet frå The Pirate Bay, så kan fortsatt platebutikken selje CDen. Eg har ikkje tatt eit fysisk produkt frå nokon, og kopieringskostnaden er delt mellom dei som lastar opp og dei som lastar ned. Platebransjen har altså ikkje brukt ei krone på kopiering av materialet eg laster ned! Dei har heller ikkje mista noko – dei har fortsatt dei fysiske CDane dei ikkje har solgt.

Så det å laste ned er ikkje å stjele. Du kopierer informasjonen, men opphavsmannen er fortsatt i besittelse av informasjonen. Ikkje belaster du opphavsmannen med kopieringskostnader heller: dei dekker du sjølv.

Difor er det feil å samanlikne tjuveri av fysiske objekt med kopiering av informasjon. Fysiske objekt er ein økonomisk avgrensa ressurs, og tar eg eit fysisk objekt frå deg, kan ikkje du nytte deg av det lenger. Stjel eg bilen din kan ikkje du lenger nytte den bilen.

Med kopiering er det stikk motsett: ingen vil hevde at du ikkje lenger kan spele CDen din fordi eg kopierte den. Den er akkurat som før, med akkurat samme innhaldet, og du har den fortsatt etter at eg har kopiert den. I tillegg har eg ein eksakt kopi av den, men det forringer ikkje verdien av din CD på nokon måte.

Difor er det viktig å unngå begrepsforvirring. Ulovleg kopiering er ulovleg kopiering – ikkje tjuveri.

Det opphavsrettshavarar hevdar å ha tapt er ei mogelegheit til å selje eit produkt. Men det er ein annan del av debatten.

Comments are closed.