Tredje gongen skal det skje…

Written by vidarlo on 20090515 in Censorship and humor and Norsk and rants with no comments.

12. mai vedtok det franske parlamentet eit forslag om eit three strikes-system, som skal fjerne folk frå Internett om dei vert skulda for brot på opphavsrettslovgjevinga tre gongjer.

Dette er ein sÃ¥ god idè at den bør bringast viare til andre medium. Den er for god til Ã¥ vere kun pÃ¥ nett! Her er eit forslag om Ã¥ utvide denne praksisen til prenta media – altsÃ¥ ord pÃ¥ papirark!

Mitt forslag er enkelheita sjølv. Staten set opp eit register med dei som bryt opphavsrettslovgjevinga slik den er i dag. Alle som har opphavsrett, det vil sei dei fleste av oss, kan sende ei klage, og komme med påstanden om at ein person bryt opphavsretten i det trykte mediumet. Om staten får tre klager om ein person, vert den personen forbydd å nytte skrivekunsten i eitt år.
Som med nettbruk mÃ¥ dette gjelde bÃ¥de for lesing og skriving – kort sagt all bruk av det trykte ord, inkludert ting som bøker og aviser. Kort sagt – totalforbud mot Ã¥ lese og skrive i eit Ã¥r.

Enkelte pessimistar vil kanskje hevde at eit slikt forbod kan vere vanskeleg å handheve til tide,r og at det å forby kommunikasjon slik kanskje kan vere smått problematisk med tanke på ytringsfridom og rettssikkerheit. Men desse problema ser jo ikkje ut til å bry oss nemneferdig på nettet, så kvifor skal vi bry oss om dei når det gjeld det skrivne ordet?

Ja, det er slik at det å verte bannlyst frå å nytte skrivekunstane kan vanskeleggjere studier for ein del studentar, og sjølv ein del vaksne kan oppleve mindre vanskar i kvardagen sin. Vi får vone dei vil tenkje seg betre om neste gong, slik at dei ikkje vert skulda for brot på opphavsretten igjen.

Kort fortalt er dette minst like nyttig for det skrivne ordet som for Internett. Kva land vil vere først til å innføre det?

Når vi har fått det for det skrivne ord må vi arbeide for å få innført samme beskyttelsen av lydbølgjer og lysbølgjer. Ingen medium kan etterlatast ubeskytta mot brot på opphavsretten.

Denne teksten er ei oversett utgåve av A Modest Proposal: Three-Strikes for Print
frå Freedom to Tinker, og dekt av Creative Commons-lisensen Byline-Noncommercial.

Creative Commons License

Comments are closed.