Førde kommune sine nettsider er eit erkeeksempel på kor dårlege nettsider det er mogeleg å lage. Eg er nesten overraska over kor vanskeleg det er å finne fram på dei.
Sett at ein vil gjere ein triviell ting som Ã¥ kjøpe kinobilett – noko som pÃ¥ dei fleste andre kinoar gjerast pÃ¥ filmweb – sÃ¥ er det vel naturleg Ã¥ trykkje pÃ¥ lenkja “Kultur->Kino” i den Javaâ„¢-menyen, som tek 25 sekund Ã¥ laste, er det ikkje? Og dÃ¥ fÃ¥r ein oversikt over filmane som gÃ¥r. For tida kun Narnia. Sidan det var den som var av interesse sÃ¥ klikka eg pÃ¥ lenkja.
Ingen, gjentar ingen, valg for å kjøpe bilett. Lenke til filmweb.no sin omtale om filmen, men der var som nemt ikkje Førde med i oversikta over stader filmen vert vist. Nederst, under filmomtalen, står følgjande, peint innpakka i <marquee>:
Billettbestilling: Tlf. : 57 72 19 00. Billettar kan hentast i resepsjonen i Førdehuset i opningstida, eller 1 time før filmen startar.
Ikkje eit kløyva ord om at det går an å bestille bilettar via nett. Om det ikkje hadde vore for at vener av meg insisterte på at det faktisk gjekk an hadde eg på dette punktet resignert, og ringt Førdehuset i opningstida. Men sidan nokon faktisk hevda det gjekk an, og eg ikkje såg nokon grunn til å tvile på det dei sa, leita eg litt ekstra.
Eg fann det. Godt vekkgjømt, totalt ulogisk plassert: Peint gjømt pÃ¥ ei menylinje, som er uavhengig av Javaâ„¢-menyen, øvst pÃ¥ skjermen. Grunna bruk av tabellar frÃ¥ helvete til Ã¥ byggje opp nettsida, sÃ¥ var halve teksten synleg. Alt eg sÃ¥g var teksten “kjøp”, ved sidan av ordet kino:
Eg trykte pÃ¥ denne i eit desperat forsøk pÃ¥ Ã¥ fÃ¥ kjøpt bilettar. Kva fÃ¥r eg dÃ¥ opp? Ei oversikt over alle filmar ved kinoen den neste mÃ¥naden eller deromkring, med to lenkjer. Eit forstørrelsesglas i omlag 10x10px stort ikon, og noko som kunne minne om ei handlevogn, ogsÃ¥ omlag 10x10px. Forventar det verkeleg at folk skal sjÃ¥ slikt? Eg sit pÃ¥ ein skjerm med 1600×1200 i oppløysing. Tekststørrelsen er standard 16px minimum for meg. SÃ¥ kjem de dÃ¥ med eit ikon pÃ¥ 10x10px, som er omlag 4mm(!) høgt pÃ¥ min skjerm, og forventar at eg skal kjenne att dette symbolet, og kunne nytte det? Kvifor ikkje presentere ei tekstlenke med Kjøp og Info? DÃ¥ ville størrelsesvalet for tekst som eg har gjort i nettlesaren min slÃ¥tt inn.
I tillegg var nettsidene så fantastisk klønete utforma at dette sjølvsagt kom som popup. Ikkje nytt vindauge. Popup. Via javascript. Kvifor? Det er ingen grunn i verden for å opne slikt i popup? INGEN! Det er misbruk av Javascript, og det er ein grunn til at target-attributet i html finst.
Då hadde eg brått 5 minutt på meg til å bestille bilett. Greit nok, 5 minutt bør halde for dei fleste, spesielt for dei som er iherdige nok til å halde fylgje heilt fram til bestillingssystemet, men det er faktisk i knappaste laget. For mange er det å rote fram kredittkort, taste det inn i webform, sjekke tre gongar at alt er rett, og deretter trykkje send, noko som tar tid. For min del gikk det greit, fordi eg har byrja å ignorere eventuelle feilslag i kredittkortnummeret mitt, men for folk som er vane med å sjekke dette så var det knapt med tid.
Og ja, eg tasta feil. Sidan det var Verified by Visa vart transaksjonen avvist. Dette feilslaget kosta meg omlag 40 sekund. Like forbanna tikka timeren nedover, og tida feilslaget hadde tatt fekk eg ikkje tilbake. Om eg hadde måtta byrja på nytt på det punktet hadde eg blitt såpass forbanna at eg tviler på at eg hadde kjøpt bilett på nett.
Og for ordens skuld. Eg prøvde med KDE-nettlesaren Konqueror, som deler store delar av kodebasen med Apple Webkit. Den greide ikkje vise menylinja i heile teke. Samme gjeld forøvrig opera 9.51. Den heller greidde det ikkje.
I slike tilfeller er det nesten betre å ikkje ha ei nettside enn å tilby noko som kunne vore laga av ein 16-årig amatør på seint nittital. For det er realiteten med Førde kommune si nettside. Java var heftig i 1999, men til menyar er det INGEN grunn til å bruke det. Det er ingen verdas funksjonar som ikkje kan lagast i HTML+CSS. Men ein god del har ikkje java, eller unngår å bruke det, fordi det brukar 20-25 sekund på å starte opp ofte.
Er kommunane sine websider gode nok? Er det ikkje i mange tilfeller betre Ã¥ ikkje ha ei nettside enn ei nettside som er dÃ¥rleg? Eg hallar til Ã¥ meine det. Eit anna skrekk-eksempel, som rett nok er eit par Ã¥r gammalt, var Eid Kommune si side om opningstider for symjehallen. Den fanst – og det sto feil opningstider der. Rett nok var dette pÃ¥ sommaren, i fellesferien, sÃ¥ eg burde kanskje lukta det, men fordelen med veven framfor papirbrosjyrer, er jo at det er lettare Ã¥ oppdatere. Dei kunne i det minste sett ein notis om kva tidsperiode opplysningane var gyldige for…
NÃ¥ hadde man strengt talt ikke trengt Ã¥ lese mer enn overskriften før de fleste ville svare: “Nei, overhode ikke”, og jo mer man leste fra din opplevelse med det offentlige pÃ¥ nett jo mer følte jeg at magefølelsen stemte til de grader.
Enig med den fete mannen 🙂