Skip to content

“Space tourism is just two years away” — trur det når eg ser det.

Daily Mail har ein artikkel om turisme i verdsrommet, der ein kan finne følgande avsnitt:

A rocket-powered plane that will allow tourists to travel in space is in development and will start flights in two years.

Dette fell vel i kategorien eg har følelse av at eg har høyrt det før. Illustrert vitenskap har varsla det med jamne mellomrom ei god stund trur eg, og diverse mediapersonligheter har også hevda det vil skje innen 5-10 år… Eg trur det ikkje før eg får sjå det.

Plans have been revealed for ‘Lynx’, a two-seater ‘space taxi’, which will be capable of flying 37miles above the Earth from 2010.

For dei som ikkje måler pilsen sin i pint og vekt i pund, så er 37 miles omlag 60 kilometer. Eg veit ikkje om eg vil kalle det space… Concorde flaug på omlag 18.3 kilometer, så det er ikkje meir enn 3-4 gongar så høgt som Concorde, og manglar nesten halva av høgda for det mange definerer som verdsrommet, der skiljet går ved den såkalla Kármán-lina, som er 100km over jordoverflata… Dette er den definisjonen FAI legg seg på i sine definisjonar også:

  • Aeronautics — For FAI purposes, aerial activity, including all air sports, within 100 kilometres of Earth’s surface.
  • Astronautics — For FAI purposes, activity more than 100 kilometres above Earth’s surface.
[Digg] [Reddit] [Google] [StumbleUpon]

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *