Skip to content

SCO er døde!

TuxSCO har fått ei banebrytande rettsavgjerd mot seg. I saka som har pågått sidan tidleg i 2003, har SCO hevda dei har copyright på UNIX-kode, og at IBM har stappa UNIX-kode inn i Linux. No har altså ikkje IBM vunne saka heilt endå, men dei er iallefall eit langt stykke på veg.

Det som har skjedd er at domstolen har sagt at SCO ikkje har copyright på UNIX-kildekoden. Det gjer med andre ord heile spørsmålet om IBM har putta UNIX-kode inn i Linux uinteressant.

Novell har ei tid hevda at dei har eigedomsretten til UNIX, og at SCO difor ikkje har grunnlag for søksmåla sine. Dagens dom er ei delvis stadfesting av dette, og eit veldig gledeleg steg i rett retning.

Sidan SCO har tapt saka så langt, og no har fått eit endeleg slag for baugen, er det vel berre å lene seg tilbake og sjå på at dei taper dei påfølgande sakene mot IBM, ettersom Novell er eigar av koden IBM er skulda for å ha kopiert. Og Novell er jo kjent som oppkjøparen av SuSE, og har også kjempa mot SCO med nebb og klør.

[Digg] [Reddit] [Google] [StumbleUpon]

{ 3 } Comments