Skip to content

Forfatter vil skyte seg sjølv i foten.

På dagbladet.no skriv Onar Åm om ånsdverks, populært kalla Intellectual Property. Han sammenligner det med fysisk eigedom, men overser at den mest fundamentale forskjellen er at åndsverk kan i dag kopierast uten kostnad, og det er ikkje tjuveri å kopiere. Du mister aldri noko om eg kopierer ei avisside du har lånt meg!

Viare seier han at ein bør ta betalt for radio, igjennom ei sinnrik DRM-løsning. Han overser dermed at radio er ein viktig reklamekanal, i tillegg til Ã¥ vere inntektskanal, for musikarane. Det er gull verdt Ã¥ bli spelt pÃ¥ radio, slik at folk legg merke til deg. Viare er radio svært ofte ein sekundæraktivitet – noko vi fÃ¥r med oss medan vi gjer noko anna. Køyrer bil, pÃ¥ jobben, pÃ¥ bussen, pÃ¥ kjøpesenteret, i senga før ein stÃ¥r opp… Eg kan godt høyre pÃ¥ radio i alle dei situasjonane, men eg gidd ikkje betale for det, utover det eg allereie gjer (skatteseddelen for NRK, reklame for P4/Kanal24). Eg trur ikkje eg er den einaste som tenkjer slik.

Innkreving av slik mikrobetaling som Onar taler for vil ogsÃ¥ bli eit teknisk helvete, mildt sagt. Korleis skal det gjerast? Kva om ein radio blir stolen? Kva vil hindre deg i Ã¥ kopiere lyden, i verste fall via analoge hullet? Dagens DRM-løsninger, og det faktum at folk laster ned filmer filma i ein kinosal, med vanlig kamera, tyder jo pÃ¥ at kvaliteten ikkje er sÃ¥ ekstremt viktig alltid…

Eg har derimot tru på å gje folk det folk vil ha: folk handla som gale fra allofmp3.com, sjølv om det var i ei legal gråsone, og kosta pengar. Men der fekk folk DRM-fri musikk i den kvaliteten dei ville, billegare enn CDen i butikken.

Hadde eg kunna laste ned ein CD på 5 minutt, i FLAC eller tilsvarande ope format, for under 10$, hadde eg aldri gidda å bruke piratkopiering. Kvifor innser ikkje platebransjen dette, og kvifor i helvete trur Onar Åm at han tener på å repetere platebransjen sine løgner?

[Digg] [Reddit] [Google] [StumbleUpon]

{ 5 } Comments