Skip to content

Musikkmobil?

W880i
Ja. Eg har kjøpt ny telefon. Sony Ericsson W880i, som er ein såkalla walkman phone. Med 1GB medfølgande minnekort, som er på størrelse med ei litt velfødd negl. Genialt tenkte jo eg, ettersom det eg kan kalle min Personlege MedieSpelar (PMS) er ein iRiver på 256MB. Greit, iRiveren tek ogg i tillegg til mp3, noko SE ikkje gjer.

Men lydkvalitet? På W880i er lydkvaliteten så laber at eg mista lysten på å høre på musikk, på ein busstur! Det er snakk om mishandling av lyden. For det første var det digitale blips i lyden, som tyder på dekodingsfeil. Det som er verre er at Sony Ericsson har skrudd opp bassnivået, for å dekke over den hule og dårlige lyden. Å få bassen ned på vettugt nivå er så godt som umulig.

Faens dritt-telefon. No har eg altså en telefon som er OK å skrive tekstmeldinger med, og ok å ringe med, men som er ubrukelig kamera på og totalt ubrukelig musikkspiller på. Kor mykje ekstra har eg betalt for to mildt sagt middelmådige ting? Hadde det ikkje vore betre å lage samme telefonen litt betre på dei to tinga den bør gjere, sms og telefon, istaden for å dra inn masse piss?

[Digg] [Reddit] [Google] [StumbleUpon]

{ 4 } Comments