Skip to content

oink.cd, kildekritikk og musikkbransjen.

Oink logoTorrentsida oink.cd er blitt tatt ned av britisk og nederlandsk politi. Kanskje ikkje så veldig overraskande, sidan det trass alt er snakk om piratkopiering. Det spesielle i denne saka er mediedekninga. Media var så og sei invitert med på pågripelsane så vidt eg har fått med meg, og IFPI var tidleg ute med ei pressemelding om saka.

Det som er kritikkverdig her er norske og internasjonale media si totalt kritikklause viareformidling av denne pressemeldinga. Les følgjande oppslag i media, og sjå sjølv:

Viss du så sammenligner dette med IFPI si pressemelding om saka så er det ein del veldig påfallande likheiter mellom pressemeldinga frå platebransjen sin interesseorganisasjon, og dei nøytrale og kritiske mediekanalane… Litt får påfallande for min smak.

Mesteparten av det som står i pressemeldinga er jo forøvrig blank løgn, slik som at det var eit nettverk der ein måtte betale…

Ein annan karakteristisk ting med oink var at det var kvalitet! Ein kunne finne all slags musikk i god kvalitet, gjerne lossless. Dette inkluderte ting som platebransjen for lengst har slutta å utgi, eller som en kan få i lossy format andre plasser, gjerne med DRM.

Kvifor tar ikkje platebransjen hintet, og gjer heile sin musikkatalog tilgjengeleg i tapsfrie format, utan DRM, til ein OK pris? Er det virkeleg god butikk å saksøke eigne kundar?

Dessuten reagerer eg sterkt på beskjeden som i dag ligg på oink:

This site has been closed as a result of a criminal investigation by IFPI, BPI,
Cleveland Police and the Fiscal Investigation Unit of the Dutch Police (FIOD ECD) into
suspected illegal music distribution.

Sidan når i helvete har IFPI og BPI, som er private interesseorganisasjonar, hatt lov til å foreta etterforsking? Etterforsking skal utførast av politiet, og ikkje av interesseorganisasjonar som kjemper for sine medlemmer sine rettar. Og kven i helvete har gitt politiet og IFPI tillatelse til å bruke oink.cd til å reklamere for si verksemd? Sjølv om ting er under etterforsking er ingen lovbrot beviste, og domenet oink.cd er eigaren sin eigedom, på linje med eit hus. Politiet disponerer ikkje ting dei beslaglegg fritt! Som Torrentfreaks kommenterer:

The British and Dutch Pirate Parties have issued a joint statement (English/Dutch) condemning the actions as retaliatory, and questioning the ethics of choreographing it, and letting representatives of the victims participate in the investigation. How many times do they let the father of a murder victim work on the investigation of the Murder?

[Digg] [Reddit] [Google] [StumbleUpon]

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *