Skip to content

Mona Lygre – irrasjonalitet systematisert?

Mona Lygre er ein person som liker seg i media. Ho fronter organisasjonen som vistnok arbeider mot barnevernet sine overgrep. I den samanheng har ho m.a. sida opprop.r-b-v.net. Her har ein ei interessant liste med fakta, som for meg stortsett framstår som svada:

  • Mona Lygre viser til svenske fosterheimar frå 40-talet, utan å reflektere over at ting kan ha endra seg dei siste 70 åra… Eg finn det svært truleg at vesentlege ting har skjedd med levestandard og omsorg sidan den gong.
  • Mona Lygre viser til at det er 8 gongar meir sjølvmord blant såkalla barnevernsborn. Det ho imidlertid neglisjerer er kausualitet – kva er årsak, og kva er irrelevante faktorer? Det som ville vore interessant her vare ein blindstudie der barnevernet let vere å gripe inn i ein del tilfeller, for å så samanlikne med dei tilfella der ein greip inn. Men ei slik studie er grovt uetisk i mine auge. Uansett er Lygre sine konklusjonar totalt utan statistisk støtte såvidt eg kan sjå.
  • I tillegg brukar Lygre svært sviktande logikk når ho argumenterer for sitt syn. Meste av det eg kunne finne bygde ikkje på rasjonalitet, men det eg vel å kalle religion: TRU på at noko er slik, uavhengig av alt anna.

Organisasjonen ser ut til å gå utifrå den forutsetninga at barnevernet aldri har gjort noko godt. Det er truleg svært feil. Antakeleg hjelper barnevernet i dei fleste saker. At ein organisasjon som barnevernet kan gjere feil er imidlertid ikkje til å stikke under ein stol, og i slike tilfeller er det viktig at ein har apellmogelegheiter gjennom rettssystemet, noko ein har i Noreg.

Mona Lygre har imidlertid valt å angripe dei sakkunnige som vitnar i rettssystemet. Kvifor? Fordi dei landar på samme synet som dei i barnevernet…

Viare har Mona Lygre valt å gå til angrep på personar som har tatt ei utdanning som gjer dei aktuelle til ei stilling i barnevernet. Det blir litt på linje med å stille alle legar ansvarlege for handlingane til ein viss nazi-lege – totalt irrasjonelt.

Alt i alt framstår Mona Lygre som ein person som argumenterer sterkt ut frå følelser – og all respekt for det – men problemet oppstår i det ho prøver å framstille følelser som fakta. Det har skjeldan eit positivt utfall.

Eg kan heller ikkje sei eg har så veldig mykje til overs for kamptaktiken til Mona Lygre – den er ekstremt vanskeleg å forsvare seg mot, spesielt for dei som er tilsette i barnevernet og har taushetsplikt når det gjeld einskilde saker, men også for dei som er innkalla som sakkunnige. For korleis skal ein kunne forsvare praksisen sin mot eit haglskot usaklege påstander? Dei fleste påstandane er jo ikkje underbygde frå Mona Lygre si side, og er så laust formulert at det er omtrent umogeleg å refutere.

Det at dei går til det steget å kåre årets idiot, advare mot tv-program o.l. styrker ikkje nett inntrykket mitt av Mona Lygre. Eg trur samla sett Mona Lygre og resten av organisasjonen ville tent rimeleg godt med kredibilitet på eit kjapt kurs i debatt-teknikk, istadenfor å køyre på med idiotiske angrep.

[Digg] [Reddit] [Google] [StumbleUpon]

{ 3 } Comments

  1. En Liten Smule | 20090521 at 23:37 | Permalink

    Er du litt dum? Du legger fram påstander om at Mona Lygre angriper andre, men måten du legger fram dette på er jo ved selv å komme med stygge angrep på henne.
    Sert du ikke det selv?

  2. vidarlo | 20090522 at 13:15 | Permalink

    Er du litt dum? Du legger fram påstander om at Mona Lygre angriper andre, men måten du legger fram dette på er jo ved selv å komme med stygge angrep på henne.
    Sert du ikke det selv?

    Eg er rimelig sakleg.

  3. Anne | 20090724 at 02:35 | Permalink

    Mona Lygre har gitt seg med alt som heter barnevern nå. Skriver hun selv på sine hjemmesider. Håper dette stemmer. Får da se om hun selv prater sant?

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *