Skip to content

Motivasjonen min for å røske i buret til ITpro

Som folk sikkert har fått med seg, så røska vi en tanke i buret til ITpro, og redaktøren Frank Aune. Han har tidlegare markert seg ved å publisere tvilsomme konspirasjonsteorier. Det meiner eg, og mange andre, at er kritikkverdig, av et par veldig konkrete grunnar:

  1. Eg meiner han har ei viss plikt til å sjekke saker før han publiserer dei når han er redaktør på ei så stor nettside.
  2. ITpro hevder å vere eit nyhets- og debattmedium om IT. Konspirasjonsteorier er vel ikkje IT?
  3. Han ser ikkje ut til å lytte til sine eigne brukarar.

I tillegg til det er eg generelt forundra over korleis folk kan tru på konspirasjonsteorier. Det er jo mildt sagt sviktande bevis i dei aller fleste av dei. Delar av målet var også å illustrere kor enkelt det er å skrive ein truverdig (oxymoron?) konspirasjonsteori – 2-3 timer var alt eg og Pål brukte på å skrive konspirasjonsteorien. Det var ikkje forferdeleg mykje… Hadde vi brukt meir tid kunne vi utvikla den ein heil del, men vi meinte vi hadde nok til å få dei som liker konspirasjonsteorier til å bite på…

Så kvifor eig kripos nFF?

For å understreke poenga ovanfor. Det er etter mi meining eit demokratisk problem om for mange i befolkinga trur på konspirasjonsteorier som openbart ikkje har rot i verkelegheita, og som enkel logikk glatt avlivar. For eksempel Planet X og dommedag i 2012. Kor mange millionar menneske verda over måtte halde kjeft for at det skal kunne bli halde hemmelig? Svar: MANGE. Ein eller annan ville komt med sikre bevis… Om det var tilfelle då.

Vi vil teikne opp eit bilete av kor enkelt vi hadde for å lage denne teorien. Greit nok at Pål kunne gjere det han ville med nFF, men det viktige her var det elementet at ingen kommenterte det. Rettar ein konspirasjonsteorien mot større organisasjoner, som gjerne er delvis hemmelige, blir det fort resultatet. Og er organisasjonen tilstrekkeleg myteomspunnen verkar ikkje eit dementi uansett. Så vi kunne likså godt laga ein konspirasjonsteori om noko heilt anna, men det hadde vore meir arbeid. Eit anna viktig element her var at vi enkelt skulle kunne bevise at det var bullshit i etterkant. Ellers hadde vi lett enda i ein situasjon der det såg ut som den som publiserte teorien hadde rett, og alt anna berre var bortforklaringer. Pål meinte vi kunne bevise at nFF ikkje er drive av KRIPOS, og det håpar eg vi har gjort.

Ideelt sett burde læra om konspirasjonsteorier og Occams barberhøvel vore pensum i norsk skule. Det er lettare enn nokon sinne å publisere ting som ser truverdig ut – tre-fire klikk, så har ein brått ei nettside som ser rimeleg seriøs ut (nei, kriposhunter.frac.dk ser ikkje seriøs ut. Ikkje i nærleiken ein gong). Difor er det å kunne gå kjelda etter i saumane, og vurdere truverdet viktigare enn nokonsinne før. Dette ville vi understreke! Ein telefon til kripos, ein telefon til telenor, ein telefon til dei som hoster nFF, hadde vore nok til å skyte ned storien. For å forhindre denslags heiv vi inn eit element av stress mot slutten – vi tvinga fram ein reaksjon ved å late som om vi^WKRIPOS hadde oppdaga sida, og febrilsk prøvde å fjerne bevismateriale. Det var nok til å få det publisert en halvtime seinare.

Frank Aune er ein utdanna og intelligent person. Like fullt gjekk han på spøken vår. Hook, line and sinker som britane seier. Han svalde alt rått, til tross for at eg ikkje er i tvil om at han er over snittet intelligent.

Kvifor skal ITpro opplyse folket om at nFF er drive av KRIPOS?

Delvis tilfeldig. Det vart ITpro, fordi dei har ein redaksjon som ukritisk publiserer slikt. Det var einaste norske nettstaden av ein viss størrelse som kunne finne på å publisere oppkoket vårt. Andre kunne ikkje tenkast å gjere det. Og det vi ville var jo å vise at det går an å nå ut til mange, med ekstremt lite arbeid, via nyttige idioter. Her var ITpro ein nyttig idiot for oss, ingenting meir enn det. Det var ein måte å nå målet vårt på, og samtidig lære Frank Aune kildekritikk 101, og at det nok er ein del problemer med mange av konspirasjonsteoriane han har publisert. For om vi slapp til så lett, så burde det jo få han til å vurdere resten – iallefall sjekke dei litt grundigare? Det ser ikkje ut til å ha skjedd:

Lærdommen er å aldri gjøre unntak på sjekk av kilder, som i dette tilfellet. Publiseringer med falsk informasjon blir selvsagt fjernet umiddelbart. Det betyr ikke at noen andre publiseringer hos oss er det dessverre. Takker for initiativet! 🙂

Eg oppmoda han til å gjennom kjeldene sine, men eg er redd det ikkje er nytte i…

Artig – og skremmande.

Eg fekk meg ein god latter i går – ein meget god latter. Eg kan ikkje hugse sist eg lo såpass bra. Like fullt er det ein djupt tragisk undertone i denne saka – at nokon kan gå på ein så laust samansett konspirasjonsteori, og tru på den. Det skremmer meg, og det gjer meg bekymra for folkeopplysninga. Det skulle ikkje vere naudsynt å kjempe mot slikt…

Eg vil takke alle som var med på dette – det var ei artig oppleving, som ga ein tanke innsikt i korleis slikt blir gjort, og kor lite som skal til. For alle oss som var involverte så var det rimeleg overraskande kor lett det var når vi først sette i gong. Skrivinga tok lite tid når vi først hadde komt på et tema, og det var enkelt å fabrikere bevisa, og deretter tolke dei slik vi vil. Vi hadde jo ikkje meir bevis enn ei linje eller to som refererte til KRIPOS. Veldig tynt grunnlag på det med andre ord. Og eg er overtydd om at vi kunne gjennomført dette utan å settje i verk endringer på nFF. Og eg er like overtydd om at vi kunne funne på noko om eit anna emne, og fått Aune til å publisere det. Då hadde imidlertid problemet vårt vore å bevise at det var rabling frå ende til annan. Og det ville vi ikkje.

Så takk Anneli og Pål for samarbeid om å utvikle teorien, og takk til |d13m0b og ivioynar (og resten av gjengen på freakforum) for gjennomføringa av teorien. Det var verdt det!

[Digg] [Reddit] [Google] [StumbleUpon]

{ 3 } Comments

  1. bjorn | 20081129 at 23:32 | Permalink

    artig, men hadde vært enda morsommere med VG 🙂

  2. vidarlo | 20081130 at 00:08 | Permalink

    @bjorn: problemet er at vg sjekker ting dei publiserer litt for grundig 😉 Du får plukke opp hansken med root.no 🙂

  3. Sindre | 20081130 at 09:09 | Permalink

    Bra og kreativt gjort, selv om det var litt slemt å lure mr. Aune trill rundt. 😉 Men det er ikke verre enn det de gjør på Punk’d og lignende programmer. Og i denne anledningen var det et godt formål bak. Kan også tenke meg at dette må ha vært hysterisk morsomt for de involverte parter. 😉

    Selv er jeg fascinert av alle disse konspirasjonsteoriene. Skrev nylig et innlegg om det i min egen blogg, basert på nettopp de artiklene Frank Aune skrev på ITpro. Jeg deler din oppfatning av hvor skremmende lett det er å overbevise folk om rent oppspinn. Konspirasjonsteorier fungerer som bra underholdning i TV-serier som 24 (my wife and doughter has been kidnapped, and the people that I work with may be involved osv). Men det å blindt publisere alt mulig, med åpenbar mangel på tilstrekkelig bevis, og atpåtil på en IT-side, det gjør du helt rett i å tolke som kritikkverdig, og gjøre noe med. Og i dette tilfellet ble det jo riktig så kreativt og underholdende. 🙂

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *