Skip to content

Vêrprofet eller vås?

Magnus Skildheim er ute med nye spådomar. Når ein les dei er det rimelig grei sjans for at det vil slå til, for han er forbausande lite spesifikk:

– Det vil seie at det blir veldig skiftande, med varmt og kaldt, tørt og vått om kvarandre. Sprengkulde kan det og bli, men berre i periodar, og det blir ikkje mykje snø, seier Magnus Skildheim til avisa Ytre Sogn.
– Sein vår
Han meiner elles det blir ein sein vår.
– Lauvet heng på trea enno, og di lengre det heng på, di seinare kjem våren.

Det er vestlandet vi bur på. Om det ikkje vart skiftande mellom kaldt, varmt, tørt og vått ville eg vore overraska. Det han spør er med andre ord at vinteren blir omtrent slik den har vore dei ti siste åra. Og snø? Snøen på denne del av landet forsvinn somregel kjapt i låglandet. Og standarden er jo at termometeret kryp ned mot -10°C ei periode i januar-februar, så også her kjem han nok til å få rett.

Men er det verkeleg snakk om spådomar? Er det ikkje stortsett berre å sjå kva vêr som var i fjor, og gjenta det, med litt krydder? Eg trur det er ein god taktikk, og basert på det så spør eg fylgjande:

  • Sterk vind i periodar
  • Ein del snø, særleg i desember
  • Kuldeperiode i januar-februar, som varer eit par veker.
  • Lite snø rundt juletider, og vert iallefall ikkje liggande mange dagane
  • Når det er kaldt blir det ikkje store mengder nedbør

Eg meiner eg er meir spesifikk enn strengt tatt nødvendig, men er du villig til å tolke påstandane mine litt er eg svært overtydd om at eg får rett…

Så kvifor i helvete brukar media spalteplass på slikt? Bør media bruke tida si på å viarebringe vås, totalt kritikklaust? Kvifor dreg ikkje NRK sogn og fjordane fram fjordårets påstandar frå Skildheim for å gå desse etter i saumane? Kanskje det ville fått ting til å sjå dårlegare ut…? Vel, eg har iallefall ikkje tru på at det er stort meir enn synsing. Men kjem ein med generelle nok påstandar, slik som Skildheim openbært har forstått at ein bør, så vil folk tenke at det passar jo faktisk rimelig bra, og anta at det faktisk er spådomar, og ikkje berre statistikk og vås… For folk vil tru på det.

[Digg] [Reddit] [Google] [StumbleUpon]

{ 2 } Comments

  1. |fatman| | 20081028 at 17:30 | Permalink

    Det overrasker meg hva folk faktisk tror på. Dette er jo nesten en ripoff fra amerikansk værmelding hvor de bruker prosentsjanse på sannsynligheten for forskjellige værtyper.

    Det er egentlig bare å lese Dagbladet eller VG så ser du hva folk egentlig er villig til å tro på. Spåkoner til forferdelig mange penger pr. minutt blir ringt av alt fra husmødre til stortingsrepresentanter. Når seriøs spåkone kan ta 20-30 kr pr. minutt er det ikke bare et bevis på at alt kan kjøpes, men også et bevis på at folk faktisk er villig til å kjøpe alt også.

  2. vidarlo | 20081028 at 17:36 | Permalink

    @|fatman|: Jo, men eg meiner at journalister bør vere betydleg meir kritiske enn mannen i gata i sin omgang med informasjon, og dei bør iallefall ikkje la ei så tvilsam kjelde sleppe til heilt utan motargument… Spesielt ikkje når det er ei offentleg finansiert kjelde, som NRK faktisk er.

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *