Skip to content

Straffeansvar for å ikkje handle?

Kom over ei tragisk sak i dagbladet, om ei 11 år gammal jente som døde av diabetes, som følge av at foreldra ikkje ville oppsøke lege:

Jentas mor, Leilani Neumann, har forklart at hun og familien tror på Bibelen og at helbredelse kommer fra Gud, men at de ikke tilhører noen sekt eller bevegelse, ikke er fanatiske eller har noe i mot leger.

Etter mi meining er dette så grov neglisjering av nokon som har din tillit, og så totalt sviktande dømmekraft, at det bør vere straffbart. Ein ting er om ein vaksen person medvite ikkje oppsøker lege på grunn av tru; det får bli deira valg, sjølv om eg ikkje kan forstå dei. Noko anna er når ein på vegne av andre tar eit valg som potensielt har så alvorlege konsekvensar! Det er etter mi meining på grensa til aktlaust drap.

Korleis hadde situasjonen vore om det var ei trafikkulukke, og vedkommande hevda dei hadde tiltru til gud sin helbredelse? Er situasjonen så veldig forskjellig?

[Digg] [Reddit] [Google] [StumbleUpon]

{ 1 } Comments