Skip to content

Kubuntu?

Kubuntu sin logo
Eg har altså då prøvd meg på Kubuntu. Det er første gong eg prøver. Eg har rett nok prøvd Ubuntu ein gong eller tre før, men den er jo som kjent Gnome-basert. Og gnome? Neitakk, eg har ikkje sansen for det. KDE er meir komplett og finare skrivebordsmiljø etter mi meining.

Mitt første møte med Kubuntu var greit nok. Det var ubrukelig som live-opplegg, men det har vel med at dette er ein laptop med treg cd-rom, og at cd-rom uansett ikkje er beste mediumet Ã¥ køyre programvare i frÃ¥…

Så snart eg hadde installert var jo alt kjapt og fint, og tida frå pcen var skrudd på til den var boota var under halvminuttet, noko som er ganske OK.

Men så kom skuffelsen. Adept. Det var treigt. Å velge ein pakke for installasjon tok omlag 20 sekund. I den tida brukte adept 100% cpu, og GUIet hang i påvente av adept. Det er knapt nok brukande! Difor vart det installasjon av Synaptic, som jo er eit Gnome-program. Synaptic er lynkjapt, og bruker null tid samanlikna med Adept.

Kvifor adept var så tregt har eg ikkje peiling på, og eg har heller ikkje brydd meg med å finne det ut. Synaptics for halde for min del.

Når det gjeld resten så er eg imponert. Det er rikt pakkeutval, og ting er godt satt opp, med vettuge standardinnstillinger. Fint, lyst og trivelig miljø. Alt av maskinvare i laptopen verka, omtrent slik som forventa.

Alt i alt? Ja, eg kan anbefale deg kubuntu.

[Digg] [Reddit] [Google] [StumbleUpon]

{ 4 } Comments