Skip to content

Kurt Oddekalv har kasta vekk tida sidan 1989…

I NRK sitt program Her og nå avslører Kurt Oddekalv at han ikkje har peiling på kva han snakkar om, straks det kjem til ting som stråling. For stråling er jo, som vi alle veit, farleg, og fører til mutasjonar. Så kva i alle dagar skal vi gjere?

Mitt heitaste tips er å ikkje høyre på Kurt Oddekalv i denne saka. Ofte har eg stor sympati for han, i og med at han seier ting andre ikkje torer å seie, og han er ikkje redd for å gjere seg upopulær. Men i det 5-minuttsklippet eg høyrde på NRK i dag, greidde han å dumme seg ut fleire gonger:

  1. Hevde at nano var tusendel. Nano var sist eg sjekka eit prefiks som stod for 10-9. Oddekalv bommar altså med ein faktor på ein million (106).
  2. Viare meinte han høveleg måleeining for radiofelt var tesla, gjerne nanotesla. Dessuten gjekk ikkje Post & Teletilsynet sitt måleutstyr ned på nano-teslanivå, men opererte på heile tesla. Dei som har hatt ein anelse fysikk forstår at dette er urealistisk, ettersom tesla er svært stor måleeining. Ein svært sterk magnet kan komme opp i 1-2T, så å hevde at P&T kun har slikt måleutstyr er rart. Eit kompass til 20-30,- på biltema måler jo jordas magnetfelt, som er i størrelsesorden 30-60µT, eller milliondeler av det Oddekalv hevder P&T sitt måleutstyr kan fange opp. Så ergo burde ingen kompass fungere i Trondheim…
  3. Forøvrig er tesla heilt uinteressant, ettersom tesla er magnetiske felt, definert som spenningsendring per sekund per kvadratmeter. Radiofelt blir målt i watt per kvadratmeter. Ein snakker då om absorbert effekt og utstrålt effekt, men det blir ei lita avsporing her.

Etter at eit par av desse feila var påpeikt så svarte Oddekalv med personangrep, og antyda at ein professor ved NTNU var kjøpt og betalt av bransjen, og at det norske samfunnet var korrumpert(!) av telekom-bransjen, som var redde for inntektene sine.

Det verste var at Kurt Oddekalv hevda han hadde studert effektane av RF-energi sidan 1989… Om han har rett i at han har brukt siste 18 åra på å studere dette, er det ille at han ikkje har lært seg rett benemning for RF-energi endå. Det er tross alt snakk om elementære ting som blir dekt av pensum i 3FY om eg ikkje er heilt på jordet.

Magnetfeltet som Oddekalv snakkar om må vere feltet som blir sett opp når spenning blir indusert i beltespenna di… og det magnetfeltet overlever eg nok!

[Digg] [Reddit] [Google] [StumbleUpon]

{ 2 } Comments

  1. |Fatman| | 20071113 at 19:09 | Permalink

    Godt at du endelig også har kommet til vettet, og faktisk tenkt igjennom hva denne mannen faktisk klarer å lire av seg.
    I de fleste tilfeller så er det bare sprøyt … Ufattelig mye sprøyt som i dette tilfellet.

  2. vidarlo | 20071114 at 15:05 | Permalink

    Godt at du endelig også har kommet til vettet, og faktisk tenkt igjennom hva denne mannen faktisk klarer å lire av seg.
    I de fleste tilfeller så er det bare sprøyt … Ufattelig mye sprøyt som i dette tilfellet.

    Samtidig er det viktig å ha idioter som seier i fra om kritikkverdige forhold i samfunnet, og som er i overkant kritiske, for å representere ei motvekt til teknofreaks. For det er klart at det er mykje vi ikkje veit om konsekvenser av slikt…

    Poenget mitt er at Oddekalv burde vere pinleg berørt av å ta feil. Hadde han helde seg på eit sakleg plan hadde eg i prinsippet vore einig med han.

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *