Skip to content

Med to strekar under svaret…

Jan Omdahl i db.no har slakta SNL.no før – og eg må sei meg heilt einig i dei påstandane han kjem med. SNL er rett og slett alt for dårleg! Og attpåtil markedsfører snl.no seg med slagordet når du trenger to streker under svaret.

Kanskje dei ikkje har direkte feil i nokon av sine artiklar, men det kan vere fordi det står så fordømt lite i dei? F.eks. er artikkelen om Intel plassert i kategorien næringsliv, og inneheld to-tre avsnitt, med det eg vil kalle til dels viktige feil og utelatinger:

Prosessorene har gjennomgått en kontinuerlig utvikling, typer er bl.a. 80286 (1982), 80386 (1985; 32-biter), 80486 (1989), Pentium I (1993), PentiumPro (1995), Pentium II (1997), Celeron (1998), Pentium III (1999), Pentium 4 (2000), Xeon (2001) og Itanium (2001; 64-biter, utviklet i samarbeid med Hewlett-Packard). Celeron benyttes i rimelige stasjonære og bærbare PCer, Itanium og Xeon i servere og arbeidsstasjoner.

Greit nok at dei har utelete ting som Pentium M, Core/Core2, Itanium II og slikt. Men dei skriv at xeon er ein eigen type som kom i 2001. Men det finst då vitterleg PII Xeon, eller PIII Xeon… Som kom før 2001. Samme gjeld Celeron. Det finst PII Celeron, PIII Celeron etc etc. Det er altså rimelig direkte feil i det som står der.

I tillegg er det ei utlenke – til Intel sine vevsider. Det er ingen lenker som direkte underbygger artikkelen, kun ei opplysning om at her kan du finne Intel. Ærleg tala – det er jo den minst nyttige lenka av alle. Dei som finn Intel på SNL finn Intel på Google. Det som er interessante lenker er jo dei som ikkje er så enkle å finne fram til…

Greit nok at alle kan endre Wikipedia, men fakta som ikkje blir underbygd blir kjapt merka med citation needed, og det aller meste har kontrollerbare referanser. Med andre ord kan ein sjekke kjeldene slik ein ynskjer. Med SNL er ein prisgitt den såkalla fagansvarlege – og eg er usikker på kor mykje tillit eg har til fagansvarleg for næringsliv når det kjem til mikroprosessorar.

I tillegg har wikipedia større mengder informasjon. Mykje større. SNL inneheld rett og slett ikkje relevant informasjon, som dei få punkta eg nemde ovanfor. Ser ein kjapt på artikkelen om t.d. Linux ser ein at det er ein brukarartikkel, der påstanden om at Linux har opphav i Minix blir framsett. Påstanden er ikkje underbygd med ei einaste lenke, og den er ikkje utdjupa. Tvert imot understreka jo Linus Torvalds i si første usenetposting om Linux at dette ikkje var tilfellet:

PS. Yes – it’s free of any minix code, and it has a multi-threaded fs.
It is NOT protable (uses 386 task switching etc), and it probably never
will support anything other than AT-harddisks, as that’s all I have :-(.

Ein påstand som i SNL står uutdjupa, utan kjelder, og som altså er direkte feil… Ein finn sikkert liknande feil i wikipedia, men då kan ein leite etter kjelder på det – og om det manglar ta det med ei klype salt… Det er poenget – påstandar utan oppbacking er verdiløst!

På wikipedia har ein Rediger-fana øvst på sida, der ein kan trykke for å redigere. Den kjem alltid opp. Hjå SNL må ein tydlegvis logge inn for å få redigere – eit greit nok prinsipp, men kor står det at eg kan bidra? Eg har ikkje sett det…

Kort sagt er ikkje SNL viktige før dei gjev betre svar enn wikipedia. For det er rett og slett irrelevant om innhaldet i SNL har betre kvalitetskontroll enn wikipedia eller ikkje all den tid det innhaldet ein ser på ikkje eksisterer! Min spådom er at med mindre SNL er i stand til å endre det – og det veldig kjapt – så vil SNL døy ein stille død, og knapt bli sakna av nokon!

[Digg] [Reddit] [Google] [StumbleUpon]

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *