Skip to content

Misforstår Tore Neset med vilje?

Tore Neset kommenterer Lyse vs. Simonsen i dag – og viser usedvanleg lite innsikt i det han kommenterer.

Vi må ha klart for oss at Max Manus-saken er et enkelttilfelle, og at det dermed ikke er snakk om å åpne for en generell tillatelse til overvåking i hytt og pine. Filmselskapet anmeldte det de mente var et grovt overtramp mot opphavsretten til politiet. Noe det utvilsomt var. Det sier seg selv at dersom du møter opp på en filmpremiere, tar opptak og legger resultatet ut på nettet, så har du brutt en lov eller to ut over forseelsesnivå.

Bare for Ã¥ plukke det frakvarandre punkt for punkt…

  1. Det er første rettsaka av sitt slag i Noreg. Den er prinsipielt viktig. Det er altsÃ¥ ikkje snakk om eit enkelttilfelle – det er snakk om ei sak som kan komme til Ã¥ settje presedens framover.
  2. Overvåkinga er på plass gjennom Simonsens konsesjon frå Datatilsynet. Parer en det med at retten gir dei medhold kan dei i praksis finne ut kven du er basert på IP.
  3. Etterforsking er det POLITIET som skal ta seg av. Alt anna er sjølvtekt, noko som mildt sagt er uheldig i ein retts-stat. I tillegg er det slik at i eit sivilt søksmål så er bevisreglane totalt andre enn i ei straffesak.

Og nettleverandørene er naturlig nok livredde for å miste kunder til konkurrenter som har større vilje til å holde på hemmelighetene.

Nei, dei har taushetsplikt. Det er ein vesentleg skilnad mellom eit ønske og ei taushetsplikt. Hadde Lyse utlevert informasjonen uten rettsleg kjennelse hadde det vore eit lovbrot.

Her greier Tore Neset Ã¥ forenkle ting. Poenget er at dommen har TILBAKEVIRKANDE kraft – og det har ikkje skjedd ei lovendring. PÃ¥ det tidspunktet Lyse-kunden braut lova galdt §2 i E-komlova ogsÃ¥ i sivile søksmÃ¥l. Post og Teletilsynet og tingretten har sÃ¥ oppheva den, utanfor all politisk debatt. DER er problemet.

Når resultatet i tillegg vert unnateke offentlegheita er det direkte oppsiktsvekkande, for det er ein dom som kan komme til å påverke mange. Og på kva måte vil faren for bevisforspillelse bli større ved at dommen vert offentleg kjend, så lenge alle kan gjette seg til innhaldet, og saka allereie er kjend? Vedkommande Lyse-kunde har jo garantert fjerna alle spor allereie!

[Digg] [Reddit] [Google] [StumbleUpon]

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *