OLPC på din PC?

Written by vidarlo on 20070706 in hardware and Norsk and software with no comments.

Brukargrensesnittet på OLPC.I den siste tida har det vore mykje mediemerksemd rundt One Laptop Per Child, OLPC, og ganske mange har hatt lyst til å prøve ut dette systemet.

Å få henda sine i ein ekte OLPC-laptop er ikkje så lett, og eg er ikkje ein av dei heldige. Eg har difor testa OLPC-programvara i vmware, noko som ikkje gir heilt samme følelsen, men gir i det minste eit inntrykk av programvara som kjører på maskina.

På min laptop, som er relativt treg (Core duo med 1GB RAM) så var OLPC-programvara overraskande kjapp, sjølv i vmware. Oppstart tok under halvminuttet, mot ca. 2 minutt oppstartstid med Windows XP i vmware.

Det spesielle med dette systemet er at det er ikkje eit skrivebordssystem, slik som dei fleste moderne OS, inkludert windows har. Tvert imot, det er delt opp i 5 delar:

Dette speglar at det er eit system laga for born. Det skal ikkje vere ei datamaskin som kan gjere alt, men den skal gjere det folk har behov for.

Dersom dette freistar, så finn du OLPC si programvare til nedlasting på http://olpc.download.redhat.com/olpc/streams/development/LATEST-STABLE-BUILD/ext3/. Dersom du vil prøve dette i vmware, skal du laste ned fila som heiter olpc-redhat-stream-development-ext3.img.bz2.

For å bruke dette imaget treng du vmware player, som du kan finne på vmware sine websider.

Comments are closed.