Skip to content

Platekompaniet. Utan DRM.

Platebransjen syt og klagar, og hevder at musikk er tilgjengeleg på nett. Platekompaniet skal selje DRM-fri MP3, i 256kb/s kvalitet. Takk for at dei har innsett at DRM er bortkasta tid og energi, men kvifor har dei kun eitt format, og det attpåtil langt under CD-kvalitet?

Dessutan er bestillingsprosessen for tungvindt. Det er fire steg, og eg må legge igjen eit mobilnummer. Kvifor? Burde ikkje det vere frivillig?

Formen for Ã¥ taste inn mobilnummer er kronglete lagt opp, og har du ikkje auga med deg i det du skal taste inn verifiseringskoden ender du opp med Ã¥ mÃ¥tte motta endÃ¥ ein SMS med den koden i… Kronglete og tungvindt. Streamline it!

Og om eg vil ha ei låt, eller eit album, kjapt, så burde det vel halde å be om kredittkortnummeret mitt, og ingenting anna? Iallefall ikkje mobilnummer vel?

Metadata på låta var heilt grei, men sjangerfeltet var tomt (bandet var The Corrs), og kommentarfeltet var sett til 267526. Etter litt kiking på lenkjer kom eg fram til at det nok var produktnummeret internt i Platekompaniet, men kvifor må det stå i kommentarfeltet på det eg laster ned?

Det tok meg fem minutt frå eg fann låta eg ville ha til eg hadde den. På den tida kunne eg gått til ein privat tracker, funne samme låta i FLAC, OGG, AAC, MP3 i fire-fem forskjellige bitrates, OGG i fire-fem forskjellige bitrates, og mogelegeins eit par format til. Og hastigheita eg hadde fått ned hadde i begge tilfelle vore rimeleg lik. Så om ein ser vekk fra prisen så har fortsatt Platekompaniet eit DÅRLEGARE tilbod enn torrentsider. Og då ser eg vekk frå at Platekompaniet ikkje har ting som The Beatles.

Piratane tilbyr eit betre produkt! Uavhengig av pris. Kanskje Platekompaniet burde lese seg opp på NRKBeta-doktrinen?

If you want control of your content you need to lock it down in a vault and never show it to anyone. We gave up control of our content the day we started broadcasting. For years our most popular content have been available on BitTorrent and on sites like YouTube anyway. DRM doesn’t work. The only way to control your content is to be the best provider of it. If people want it on YouTube then you should publish it on YouTube or in a system that give the same experience. If people want it on BitTorrent then you should provide that. If you do it right people will come to your official publish point and you’ll end up with more control.

Eg vil gjerne betale, men ikkje for det produktet de har Ã¥ tilby. Eg betaler derimot 25$ i mÃ¥naden til Magnatune for Ã¥ fÃ¥ laste ned den musikken eg vil derifrÃ¥, og det er i snitt 2-3 album i mÃ¥naden. Men der fÃ¥r eg til gjengjeld FLAC, MP3, OGG, WAV(!), og dei lossy formata sÃ¥gar i 3-4 forskjellige bitrates. Kvifor kan ikkje de tilby det samme? Det er ikkje veldig teknisk vanskeleg…

Forøvrig kan ein jo undre seg over det stadige fokuset pÃ¥ lyd til film (640kbps AC-3 er vanleg pÃ¥ HD-filmar vistnok), og biletkvalitet med 1080i, 1080p og gudane vite kva. Men musikk? Der er tydlegvis ikkje kvalitet eit selling point. But I digress…

[Digg] [Reddit] [Google] [StumbleUpon]

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *